Webinar om CV og jobbsøking

CV og jobbsøking er eit praktisk retta webinar med konkrete tips og verktøy.

Dette webinaret hjelper deg som er ukrainar og som er ny i Noreg med å forstå korleis du søkjer jobb.

Du lærer å laga ein god CV, skriva søknader og bruka nyttige verktøy i jobbsøkjarprosessen.

Vi gir deg tips og støtte slik at du lettare kan finna arbeid og komma i gang i det norske arbeidslivet.

Vi nyttar ukrainsk tolk i webinaret.

 

Foto: Pixaby

 

Webinar om  CV og jobbsøking

Karriere Vestland inviterer til eit gratis webinar om jobbsøkarprosessen.

På webinaret lærer du meir om:

  • Kvar og korleis du finn jobbane
  • Korleis du les og tolkar ein stillingsannonse
  • Korleis du førebur deg når du skal søka jobbar
  • Korleis du skriv CV og søknad
  • Korleis du gjennomfører eit godt intervju

Webinaret gir ei grunnleggande innføring i jobbsøkarprosessen frå A-Å og passar for alle som skal byrja å søka jobbar, enten det er første gangen eller berre litt lenge sidan sist.

Dato for webinar:

19. januar          klokka 12:30 - 14:30

20. februar       klokka 09.00 - 11.00

25. mars            klokka 09.00 - 11.00

16. april            klokka 12.30 - 14.30

21. mai              klokka 12:30 - 14:30

10. juni             klokka 09.00 - 11.00

 

Du kan stille spørsmål undervegs via chat.

Varigheit: 2 timar

Stad: Teams -lenke vert sendt ut til din e-postadresse få dagar før møte.

 

 



Meld deg på


Påmeldingssystemet er levert av affy.no